lørdag 11. oktober 2008

Hytte- til- hytte -tur: Stølsheimen

( Ei litt sein oppdatering... bedre seint enn aldri! )
Rute:

Måndag: Lid- Høgabu
Tysdag: Høgabu – Småbrekke – Alexander Grieg
Onsdag: Retur til skulen

Den 17. september kom vi heim frå ein tredagars tur på fjellet i Stølsheimen. Dei fleste er prega av stive skuldrer, støle bein og gnagsår på hoftene, men mest av alt: Prega av ei god oppleving saman med flotte folk og Guds fingeravtrykk i den mektige naturen som omringa oss.
Turen starta med litt nedbør og overskya himmel, men vi la ut på eventyr like vel. Ca 1, 5 time frå Bergen, starta ruta opp mot hytta Høgabu. Skodda møtte oss halvvegs, men tross dårleg sikt og mørke som kom krypande, fann vi heldigvis fram til hytta. Stemninga var rett og slett trolsk
der vi vandra på ei lang rekke med nokre få lommelykter som lyste opp få meter uklar sikt. Alle kom fram til den første hytta, og etter eit tørt skift, kosa vi oss med havregrynsgraut som varma ekstra godt i den mørke kvelden. Sjølv om dei aller fleste heldt på å sovne etter måltidet, var det på tide med kveldsprogram, med artige innslag og andakt. Humoren blir tydeligvis ekstra tørr og lattermild på fjellet, enn slik den elles er. Tannpuss blei gjort ute i ein majestetisk nattehimmel. Når ein ser stjernene titte fram i fleire dimensjonar, innser ein kor utruleg liten ein er i denne verda. Venneflokken sov godt den natta.

Dagen der på, var prega av ei strålande sol. Slik som sist tur, blei vi altså velsigna med strålande sol! Landskapet fekk form og vi kunne sjå den fargesprakande naturen. Når sant skal seiast, såg vi heile fargespekteret! Frå knall raudt til lysande lilla. Vi retta nasa mot Alexander Grieg hytta, som tok oss 6 timar. På dei 6 timane, naut vi naturen på sitt beste, hadde pausar med snøballkrig og hadde ”stille stund”, der vi gjekk litt for oss sjølve med fokus på ein samtale eller bønn med Gud. Det er vanskeleg å vere usikker på om det finst ein Gud når ein går i eit så fantastisk landskap! Når vi passerte vatna som låg spreidd, spegla dei den knall blåe himmelen og berga som glinsa i sola.
Etter denne turen trur eg mange har satt pris på Guds eineståande skaparverk, og nytt at tida stoppar litt opp så ein kan senke skuldrene i ein elles travel kvardag. Sveitten rann og mjølkesyra meldte seg, men det var så absolutt verdt det! Bileta syner ein del av det vi opplevde, men ein kan ikkje heilt forstå det før ein går der sjølv, så denne turen anbefalar vi på det sterkaste!















1 kommentar:

Prop-ellen sa...

bedre sent enn senere;)
...
det var en konge tur! knall!